Portrettet: Gitte Hernar Stenersen

Hva jobber du med hos Svensson Nøkleby?

Eg jobbar på avdelinga for fast eigedom. Eg jobbar dermed hovudsakleg med eigedomsrettslege spørsmål båe for næringsklientar og private. Samstundes med at fast eigedom er eit relativt bredt fagfelt er avdelinga også ein av husets største. Dette inneberer at eg jobbar ganske breitt. Fordelen med dette er at ingen dagar vert like, og at ein stadig lærer noko nytt.

 

Hva er det beste ved å være advokat, synes du?

Etter mi vurdering er noko av det beste med å være advokat at ingen dager er like. Ein vært stadig presentert med nye utfordringar og ein slutter aldri å utvikle seg. Eg har i tillegg svært dyktige kollegaer som eg er heldig nok å lære fra, noko som er betryggende for eiga fagleg utvikling, men også bidragsytende for motivasjonen.

 

Tror du koronapandemien kommer til å føre med seg varige endringer?

Det er ei kjensgjerning at jusbransjen er noko konservativ i samanlikning med mange andre fag. Sjølv om det har skjedd mykje på digitaliseringsfronten dei seinare åra også i vår bransje, kan ein vel hevde at pandemien førte oss ytterlegare eit steg i riktig retning. Eg trur mellom anna at terskelen for å halde digitale fjernmøter vil være lavare i tida framover. At ein vart tvungen ut i heimakontor gjorde også sitt til at ein måtte avvenne seg å printe ut saksdokument. Sjølv om det er lov å håpe at denne gode vanen held seg, mistenker eg likevel at ein gradvis vil gå tilbake til gamle synder her.

 

Hva ser du frem til å gjøre i sommer?

Eg ser fram i mot å oppleve Noreg i sumarferien! Ein av konsekvensane av koronapandemien er at ein vært «tvungen» til å feriere i eige land. Dette innebærer for min del at eg endeleg vil få opplevd nokon av Noregs finaste perler der turen går båe til Lofoten og Helgelandskysten. I tillegg til dette er eg så heldig at eg kjem frå enda ei nydeleg lita perle på vestlandet, Stord, som sjølvsagt også må opplevast.

Vil du motta nyheter og invitasjoner fra oss? Meld deg på vårt nyhetsbrev her.